Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Laksesatiren «Milliardærøya» mistar både sting og identitet når han flyt med straumen i Netflix-merden.

Nessekongekamp

Her bli det liv! Bjarne Brøndbo er ei glede å sjå i rolla som Margido, den golfglade styreleiaren i Marlax. Brøndbo balanserer det sjølvopptatt tåpelege og sårbare i karakteren på eit vis vi skulle sett meir av i fleire av rollene. Foto: Sebastian S. Bjerkvik, Netflix

Milliardærøya

(Noreg, 2024) Serieskaparar: Anne Bjørnstad og Eilif Skodvin Regi: Marit Moum Aune Satire/ sesong 1/ 6x45 min./ Netflix frå 11. september

Ein norsk skatteflyktning i Dubai døyr og set med det i gang ein rå maktkamp mellom to laksebaronar på Trøndelagskysten. Den gammaldagse familiepatriarken Gjert Meyer (Svein Roger Karlsen) i Meyer fjordbruk blir forsøkt utmanøvrert og kjøpt opp av den moderne businessmatriarken Julie Lange (Trine Wiggen), direktør i gigantselskapet Marlax. Første slag i kampen står midt under ei ­bunadskledd og flaggpynta ­konfirmasjonshelg på det vesle øysamfunnet Brima der ­feiringa av Langes yngste dotter og Meyers ­dotterson fell i skuggen av forretningane.