Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Billetten

Det kokte verkeleg førre helg. Den store hendinga alle snakka om. Billettane til Oasis-turneen vart lagt ut for sal. Ein måtte melde seg i ein digital kø, vente i timevis, håpe at nokon andre kom fram og kunne kjøpe til fleire og gjere det same motsett veg. Då ein kom fram i køen, kosta ikkje billettane – som var ganske dyre frå før – ikkje lenger 135 pund, men 355. Med ei klokke som tikka ned framfor deg, måtte du ta stilling til om du skulle kjøpe billettane til den prisen eller droppe det.