Dagboka

Risiko

En gang klatret vi på utsida av gjerdet, bortover langs den øvre kanten av et steinbrudd. Sannsynligvis var det mer enn 70 meter rett ned, og kanten var som en smal gesims bortover. Vi var to tiåringer som midtveis innså vi at prosjektet var ganske risikabelt: Helt på egen hånd, tiår før mobilen var oppfunnet, måtte vi velge om vi skulle fram til sikkerhet eller tilbake.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Dagboka

Skirenn

I Oslo i helga var alle t-banestasjonane fulle av folk i gule vestar som stod og kukelurte på plattformene. Kvar gong eg passerte Majorstua, stod det ein gjeng på fem–seks vakter i ein sirkel og prata med kvarandre og slo i hel tid. Dette er ikkje vanleg. Vaktene er kalla inn for å halde styr på dei store folkemassane som skulle kome seg til den store folkefesten i Holmenkollen og attende. I fjor var det 30.000 menneske som tok seg ut i marka for å sjå på dei tradisjonsrike skirenna, og det var det arrangørane tok utgangspunkt i, då dei mønstra politi og vakter i hopetal. I år synte det seg ifølgje Aftenposten at berre 5–600 tok turen.

Folkeskikk

At det går heitt for seg i bergenspolitikken er vel knapt noko å melda om. Det skjer frå tid til anna. Men så ille er det politiske ordskifte blitt no, at byrådsleiar Christine Meyer (H) vil ta grep, melder Bergens Tidende. Bakgrunnen er fleire åtak frå byens politikarar mot fagfolka i kommunen, ifølge avisa. Ein skulle kanskje tru at folkeskikk var nok også for politikarar, men no skal byrådet greia ut relasjonen mellom politikk og administrasjon og vurdera å innføra eigne reglar for korleis bystyrepolitikarar skal te seg overfor byråkratane. Forslaget kom MDG-politikar Thor Haakon Bakke med i forretningsutvalet denne veka. Bystyre-veteran Torstein Dahle (R) har lite sans for at Meyer vil ta grep. Han meiner folkevalde må ha størst mogleg ytringsfridom.

Korona

I mars 2020 skreiv dåverande politisk redaktør i Dagsavisen Lars West Johnsen ein mykje delt kronikk der han skildra folk som jogga i offentlege parkar under korona, for «jævlige» og «egoister». Samstundes synte ein rapport frå Kina at av 7324 smittetilfelle så hadde berre eitt (1) av dei spreidd seg mellom folk som var utandørs. I mai 2020 konkluderte amerikanske styresmakter med at ein ikkje trengde å vere redd for smitte utandørs, og det gjorde etter kvart også andre land. Likevel haldt mange vanlege folk fram med å vere redde for smitte utandørs, og i lang tid var idrettstreningar og utepils avlyst utan rot i realitetane. Det same skjedde på ei rekkje område. Folk haldt fram med å skrubbe bordflatene fem gonger, sjølv om det allereie i mai 2020 vart rapportert om at korona ikkje overlever lenge nok til å spreie seg via overflater. Og skulane vart stengde lenge etter at store studiar frå Sør-Korea og Frankrike synte at ungar nesten ikkje spreidde viruset, og det difor ikkje var naudsynt. Det er lett å vere etterpåklok, men det må jo vere betre å vere etterpåklok enn etterpådum. Ein ting som irriterte meg veldig under korona, var at VG insisterte på å skrive corona.