Solveigs salt

Mote og biologi

På grunn av brylkrem måtte heile vegger tapetserast om.

Dagsrevyen melder om at unge gutar har teke til å bruka parfyme. Det gjev dei drag på jentene, seier dei, og det er sikkert sant. Men ville det hatt same effekt i fjor?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

David og gorillaen

Den 99 år gamle David Attenborough, i seg sjølv eit naturens underverk, har brukt mesteparten av livet på å laga filmar om dyr og planter for TV. I den siste, som ligg ute på Netflix, sit han heime i stova og ser tilbake på nokre opptak frå Rwanda som han var gjorde i 1978. Planen var å snakka om utviklinga av tommel- og peikefinger mens ein fjellgorillaflokk pusla i bakgrunnen. Men best som det var, kom det ein treårs gorillaunge og heiv seg i fanget på han, og den vitskaplege observatøren var forvandla til leikeonkel. Dette hadde aldri kunna skje om det ikkje var for det banebrytande arbeidet til primatologen Dian Fossey, seier Attenborough. Ho studerte desse utryddingstruga slektningane våre i felt frå 1967 til 1985, og utvikla ein metode for vern og restaurering som har ført til at dei no har blitt dobbelt så mange. Av henne lærte han å laga høyrbare pustelydar når han nærma seg, omtrent slik menneske i gamle bygdesamfunn gjev frå seg nokre små kremt før dei går inn gjennom den opne døra til naboen.

Tyran­no­saurus rex

Mens eg sit og ventar på å koma inn hos legen, høyrer eg at det står nokon og gryntar bortved betalingsterminalen. Det går rett i reptilhjernen og skaper ein så sterk trong til å jaga svinet på dør at eg for mi eiga velferds skuld lèt vera å sjå i den retninga. Men når det aukar til grov harking, blir den primitive aggressiviteten blanda med meir medmenneskelege tankar om at her er det visst ein som er i naud. No ser eg at ein halvgamal, ustelt mann har stilt seg i angrepspositur framfor den massive maskinen og prøver å rista han med begge hender. Dei stygge lydane han lagar, er ein trussel om omfattande øydelegging, slik Tyrannosaurus rex kjem brasande ut or buskane med open kjeft og ville brøl på filmar om fortidsdyr. Det er ein like vonlaus måte å jaga byttedyr på i våre dagar som for sekstiseks millionar år sidan, for ein jeger som seier frå i god tid om at han er i kjømda, er det lett å sleppa unna. Det som gjer krokodillar så farlege, er den evna dei har til å snika seg lydlaust innpå.

Velsigna massakre

I gravferda til mor las eg dei fire første versa av salme 23 i Det gamle testamentet, som både ho og eg i all hovudsak berre kjende frå amerikanske filmar. Det er der det står at Herren er den gode hyrden som fører kong David til grøne enger og fyller begeret hans så det renn over, om enn han vandrar i dødsskuggens dal. Eg visste at ho ville ha likt det, og eg var glad for at det enno fanst ein siste rest av felles mark der eg kunne ta eit fredeleg farvel. Ingen av oss hadde fått med seg at det neste av dei i alt seks versa seier at Gud dekkjer bord for David framfor auga på fiendane hans, i eit Midtausten som var like fullt av motstridande interesser for tre tusen år sidan som i dag. Men i røynda er det hatet mot nabofolka som er drivkrafta i Davidssalmane, og lovprisinga av Gud er tett knytt til militær framgang for Israel. Så når den amerikanske krigsfantasten Pete Hegseth dynkar talen sin med saftige salmevers om å slå fienden så flat at han aldri vinn reisa seg att, er han på trygg bibelsk grunn. Allereie den første av dei i alt hundre og femti salmane lover utsletting av dei ugudelege. I den andre skal Gud dengja dei med jernstav, og i den tredje knuser han tennene på dei.