Solveigs salt

Lille­bjørn­byen

Det har grodd opp ei mengd med kirsebærtre sidan sist eg var der.

Det er ingen ting som svinger sånn som det gjorde før,» seier tanta til Beate. I ungdomen hadde ho den uforliknelege Robert Normann til å spela opp til dans, og det er berre i sjeldne stunder med Django Reinhardt på grammofonen at ho finn tilbake til det Oslo som ein gong var. Men for meg, som først lærte denne byen å kjenna gjennom barnetimen for dei minste i radioen, der den fjåge røysta til Anne-Cath Vestly mana fram ein slitesterk småkårsidyll, er han framleis like venleg og imøtekomande.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Å kryssa ei gate

Mens eg stod på vestsida av Kongsgata i Stavanger og venta på at trafikklyset skulle skifta til grøn mann, kom det dundrande forbi ei lang rekke med svartkledde gamlingar på digre motorsyklar. Dei fylte den tronge gata med øyredøyvande gjenlyd og giftig eksos, tre-fire i breidda, låge på giret og tunge på gassen, med stive blikk i pløsete fjes og breie kroppar på breie sete. Mange låg bakoverlente og skrevde som til masseundersøking for prostatakreft. Der fekk dei raudt lys. Eg løfta høgrefoten for å trø ut i gangfeltet – og drog han til meg igjen med det same, for dei køyrde tvers gjennom krysset utan verken å sjå seg til sides eller stansa. Så eg fekk berre venta tolmodig til alle hadde passert, og det tok si tid. Jamvel etter at fortroppen var forsvunnen sørover mot Hillevåg, strøymde det på med grovt maskineri og aldrande biomasse ut or svingen nord ved domkyrkja.

Svart skinnjakke

Som ung lektor vakla eg lenge mellom kvinnerolla og det heile mennesket, mellom kravet om å slå meg til ro på botnen av hierarkiet og trongen til å sleppa krafta laus. Det uformelle regelverket var så bastant at det kom til eit punkt då eg forstod at det var best å teia i forsamlinga, så slapp eg bråket med menn som blei nervøse når eg sa dei imot, og kvinner som blei sure når eg ikkje var like lydig som dei. Men det var ikkje verre stelt med meg enn at eg ville ha løn for sjølvfornektinga: Eg skulle kjøpa meg den dyraste og mest feminine skinnjakka som var å oppdriva. På neste lærarmøte gjekk det omtrent to minutt før eg hadde teke ordet og stod og uttalte meg om saker som det var innforstått at berre menn hadde lov til å snakka om. Deretter gjekk eg ut i byen og kjøpte ei svart MC-jakke med blanke naglar og glidelåsar. Hadde eg visst at det er ei sånn lêrjakke Arnold Schwarzenegger spradar omkring med i «The Terminator», kunne eg ha nytta høvet til å fletta det kristne grunnlaget for denne science fiction-filmen inn i undervisinga. Men eg var ei travel småbarnsmor og hadde ikkje vore på kino på lenge, og det fall meg ikkje inn at det hefta nokon djupare symbolikk ved den tøffe jakka mi, ikkje eingong då eg gjekk inn til neste historietime, og gutane på dei bakarste pultane plutseleg var blitt så uvanleg lydhøyre. No kan eg sjå alle terminatorfilmane på flatskjerm så ofte eg vil.

Det godes problem

Bondeguten frå Nebraska er liten og spinkel som ein søndagsskuleengel, og så fattig at han må snika seg til å overnatta på arbeidsplassen, som er akuttmottaket i fjernsynsserien «The Pitt». Han finn seg audmjukt i den motgangen han møter, enten det no er å bli oversprøyta med blod eller å bli terga av ein annan nyutdanna lege som på sitt vis er like utanfor som han sjølv. Likevel hadde han knapt greidd seg om ikkje overlegen hadde sett etter at han ikkje lét seg utnytta av dei særskilt trengande, som den unge kvinna som blei enkje etter at mannen hennar, som var bonde, kom inn med tredjegradsforbrenning over heile kroppen. Men etter kvart som serien skrir fram, viser det seg at jamvel den reinaste nestekjærleik ber i seg eit grann av makt, og jamvel den gode hjelparen kastar skugge. «The Pitt» er eit dramatisk verk skapt etter det aristoteliske prinsippet om einskap i tid og stad: Kvar sesong handlar om ei einaste femten timars vakt, der kvar episode tek for seg ein einaste time på det same sjukehuset. I motsetnad til sjukehusseriar flest er han fri for kjærleiksintrigar og sjarmerande dritsekker, og av verda utanfor ser me ikkje anna enn parkeringsplassen og litt av gata. Det meste av dramatikken ligg i behandling av skadar, som er så nøyaktig framstilt at ein ung kirurg eg kjenner, seier at han har lært ein ny metode for å stansa blodsprut frå halsen. Samtidig er denne serien eit moralsk åtak på den statlege raseringa av helsevesenet, avskaffinga av demokratiet og innføringa av einevelde i USA.