Serie

Kulturkrig om Vietnam

«The Sympathizer» har eit genialt utgangspunkt for tidsrett satire, men er for ujamnt realisert.

Spionen: Hoa Xuande er god i rolla som «Kapteinen», ein perfekt kommunist-infiltratør som overvakar vietnamesiske militærflyktningar i USA. Foto: HBOSpionen: Hoa Xuande er god i rolla som «Kapteinen», ein perfekt kommunist-infiltratør som overvakar vietnamesiske militærflyktningar i USA. Foto: HBO

The Sympathizer

(USA, 2024) Serieskaparar: Park Chan-wook, Don McKellar, basert på Viet Thanh Nguyens roman Spionthriller/ 7 x 1t./ HBO Max

Filmskaparen Park Chan-wook er kjent for valdelege og visuelt elegante puslespelmysterium som «Oldboy» og «Decision To Leave». Den sørkoreanske regissøren – oppvaksen under sterk sensur i ein nasjon kløyvd av kaldkrigsrivalisering – lagar sjeldan eksplisitt politiske filmar. Kriminalhistoriene, som er fulle av paranoia, skjulte motiv og villeiande vitnemål, fortel likevel noko om samfunnet dei er skapte i. Park burde med andre ord ha gode føresetnader for å filmatisera «The Sympathizer», Viet Thanh Nguyens Pulitzer-vinnande spionroman om Vietnamkrigen eller krigen mot Amerika, som han heiter i Vietnam. «The Sympathizer» kombinerer nemleg desse motsette perspektiva.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Serie

Sugar, sesong 2

Andre sesong av Apple-serien «Sugar» masserer noen ømme kulturkritiske muskler.

Film

The Odyssey

Nolans Homer-variasjoner balanserer mellom gresk antikk-cosplay og storslått kitsch.

Film

Not A Pretty Picture

Martha Coolidge rekonstruerte valdtekta ho vart utsett for som 16-åring, og avslørte samstundes high school-komedien.