Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Serie

Kulturkrig om Vietnam

«The Sympathizer» har eit genialt utgangspunkt for tidsrett satire, men er for ujamnt realisert.

Spionen: Hoa Xuande er god i rolla som «Kapteinen», ein perfekt kommunist-infiltratør som overvakar vietnamesiske militærflyktningar i USA. Foto: HBO

The Sympathizer

(USA, 2024) Serieskaparar: Park Chan-wook, Don McKellar, basert på Viet Thanh Nguyens roman Spionthriller/ 7 x 1t./ HBO Max

Filmskaparen Park Chan-wook er kjent for valdelege og visuelt elegante puslespelmysterium som «Oldboy» og «Decision To Leave». Den sørkoreanske regissøren – oppvaksen under sterk sensur i ein nasjon kløyvd av kaldkrigsrivalisering – lagar sjeldan eksplisitt politiske filmar. Kriminalhistoriene, som er fulle av paranoia, skjulte motiv og villeiande vitnemål, fortel likevel noko om samfunnet dei er skapte i. Park burde med andre ord ha gode føresetnader for å filmatisera «The Sympathizer», Viet Thanh Nguyens Pulitzer-vinnande spionroman om Vietnamkrigen eller krigen mot Amerika, som han heiter i Vietnam. «The Sympathizer» kombinerer nemleg desse motsette perspektiva.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?