Brua

Inne i skogen på nordsida av Åkrafjorden i Sunnhordland ligg det ei 25 meter lang bru. Ho var ferdig i 1962 og skulle binde saman to veglause gardar. Diverre gjekk dei tom for pengar etter at brua stod klar, folk flytta vekk og gardane er framleis veglause. Femti år seinare flaug NRK inn to bilar med helikopter og heldt ei høgtidleg opning av brua, utan konge eller statsrådar til stades for å klippe snora.

Dagboka