Alle må ha rumpe! sa professor Røislien og såg sterkt på oss gjennom fjernsynsskjermen. Han hadde nettopp lagt ein utbretta teppepose dobbelt for å visa korleis dyr med hol i begge endar hadde utvikla seg. Med dette enkle verkemiddelet fekk han fram både prinsippet for høgare liv og dei vilkåra me lever under: Trongen til å bortforklara og gløyma den andre enden gjer mennesket framandt for seg sjølv, og fører til uendeleg skade på natur og klima.