Maria Børja har delt denne artikkelen med deg.

Maria Børja har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Forfatterforeninga opna opp for debutantar og «sonderingar» om Forfatterforbundet. Men ei samanslåing er langt unna.

DNF skal sondera om samanslåing

Frontfag: Hugs at i litteraturpolitisk samanheng er det Forfatterforeninga som har vore og er «frontfaget», var bodskapen frå Thorvald Steen til årsmøtet i DNF helga

Fråsegna «Forfattere sier nei til oljeleting» viste seg å bli det enklaste vedtaket å få gjennom på årsmøtet i Den norske Forfatterforening (DNF) i helga.

Kjerneverdiar som å arbeida for litterært mangfald og litterær kvalitet var stikkord for den mest engasjerte debatten, som gjekk rundt framlegget om at styret skulle få fullmakt til å starta «sonderingar» for å sjå om «premissene for en mulig sammenslåing med Forfatterforbundet er til stede».

Styret fekk til slutt, mot tolv røyster, mandat til å starta slike sonderingar. Men mange ytra stor skepsis til at ei samanslåing vil vera mogleg, medan tidlegare DNF-leiar Heidi Marie Kriznik var mellom dei som minte om at forfattarorganisasjonane faktisk alt samarbeider om mykje utan å vera samanslåtte.

Mobiliserande strid

Det var smekkfullt i møtesalen på Bristol Hotel i Oslo i helga med 240 delegatar og gjestar, 100 fleire enn i fjor. Gjestelista inkluderte representantar frå alle skribentorganisasjonar med synleg unntak for «konkurrenten» Forfatterforbundet (FF). Dei vart til gjengjeld ofte omtalte frå talarstolen.

Den offentlege litteraturdebatten i vinter og striden mellom FF og DNF om tildelingsordningane for Statens kunstnarstipend, ser ut til å ha vore mobiliserande til møtet og ordskiftet om dei to hovudsakene. I tillegg til spørsmålet om Forfatterforbundet, hadde styret innstilt på ei vedtektsendring der opptakskravet til nye medlemmar skulle justerast frå to til ei bok av litterær kvalitet, slik at debutantar kan bli med i DNF.

– Det er i startfasen av ein forfattarskap ein har mest behov for eit fagleg fellesskap, og det er alt slik at styret i DNF bruker mest tid og ressursar på å hjelpa debutantar, fortalde avtroppande leiar Brynjulf Jung Tjønn, og fekk støtte frå fleire med styrerøynsle i DNF.

Vedtektsendringa vart gjort mot to røyster, og medlemskravet er no «minst en bok av litterær kvalitet».

Eit framlegg om understreking av at boka skal vera «av kunstnerisk og litterær kvalitet, fekk berre 9 røyster.

Kunstnarorganisasjon

Hovudsakene på årsmøtet vart ikkje debatterte uavhengig av kvarandre. Forfatterforbundet har sidan opprettinga i 2018 berre hatt formelle krav til medlemskap. Og i 2019 hadde årsmøtet i DNF ein hard debatt om dei skulle gå bort frå skjønnsmessige kvalitetsvurderingar av medlemssøkarar.

Det vart avvist med overveldande fleirtal og stod ikkje på dagsordenen i år. Snarare vektla mange talarar på årsmøtet styrken i DNFs forvalting av litterær kvalitet som ein «kvalifikasjon», og ikkje som eit «privilegium», slik Bror Hagemann uttrykte det i debatten.

Tjønn kunne rapportera ved opninga av møtet at medlemstalet i DNF har auka, og at 34 kom til i 2023. 17 til er under godkjenning. Totalt er dei 762.

– Vi er Noregs føretrekte skjønnlitterære foreining, kunne den avtroppande leiaren slå fast.

Om storleiken på foreininga har noko å seia for den kulturpolitiske legitimiteten og gjennomslaget for Forfatterforeninga, var det likevel svært ulike syn på i debatten, og Chris Tvedt møtte mykje motstand då han nemnde at justering av medlemskriteria også hadde noko å seia for «kjøtvekta» til DNF i forhandlingar.

– Dette er ikkje eit pragmatisk spørsmål, men noko vi må avgjera suverent, sa Thorvald Steen, som støtta styres framlegg om å inkludera debutantane.

Då Klassekampen gjekk i trykken, hadde årsmøtet enno ikkje klart å einast om ein resolusjon mot krigen på Gaza.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!