Mjau!

Eg har vore ein syndar, det er ikkje tvil om det. Eg har gjort urett mot Det Heilage Biblioteket og måtte betale prisen for det når eg ikkje har levert tilbake bøker. Eg veit ikkje om heldigvis er rett ord, men eg er i alle fall ikkje åleine om det. Eit sivilisert samfunn må ha straff for brot på reglane, og vi hugsar sjølvsagt bibliotekdetektiven Mr. Bookmann i «Seinfeld», eit symbol på nett vaktaren av dette regelstyrte samfunnet.

Dagboka