Anita Fnugg har delt denne artikkelen med deg.

Anita Fnugg har delt denne artikkelen

Bli abonnent

USA får no ekslusiv bruksrett på 12 norske militærbasar. USA følgjer sine eigne nasjonale interesser, seier forskar.

Gir USA tilgang til åtte nye basar

Norske og amerikanske styresmakter har blitt einige om å gi USA sitt militære eksklusiv bruksrett inne på åtte nye militærbasar i Noreg.

I 2021 fekk USA tilgang til fire såkalla omforeinte område på norske militærbasar: Rygge, Sola, Evenes og Ramsund. Avtalen var omdiskutert den gong fordi den gir USA stor styresmakt over norsk territorium.

Her får USA mellom anna:

  • Oppbevare våpen og materiell på område norske kontrollørar ikkje får tilgang til. Norske styresmakter får heller ikkje innsyn i kva våpen som finst der.
  • Rett til å utøve makt om USA vurderer det naudsynt.
  • Område som er spesielt designa og tilrettelagt for amerikanske soldatar.

Med denne utvidinga vil USA også ha eksklusiv tilgang til eigne område inne på dei militære anlegga på Andøya, Ørland, Haakonsvern, Værnes, Bardufoss, Setermoen, Osmarka og Namsen.

Kritikarane fryktar at avtalen vil bryte med norsk lov, som seier at vi ikkje skal ha «framande makters stridskrefter på norsk territorium» i fredstid, eller atomvåpen og kjernevåpen på norsk territorium. Regjeringa seier derimot at USA pliktar til følgje norske reglar. Dette baserer seg på ein gentlemans agreement, altså tillit.

Strategisk viktig

Tormod Heier, professor ved Forsvarets høgskole, seier det er to grunnar til at Noreg gir USA tilgang til åtte nye område. Det første handlar om at krigssituasjonen i Europa er endra sidan 2021. Det andre er at Sverige og Finland har blitt med i Nato, og gitt tilgang til høvesvis 17 og 15 område. Og Noreg kan ikkje vere dårlegare enn nabolanda.

Noreg si rolle overfor USA heng tett saman med Russland sine atomvåpen på Kolahalvøya, like aust for Finnmark. Dette har blitt enda viktigare ettersom store delar av dei konvensjonelle styrkane til Russland er øydelagde i krigen med Ukraina.

– Heile den strategiske betydninga har auka fordi USA no kan strekke dei russiske styrkane ut over ein enorm front på 2700 km frå Kolahalvøya i nord og Kaliningrad i sør, seier Heier.

I tillegg opplever USA ein ny kjernefysisk trugsel frå Kina i Sørishavet, i tillegg til Russland. Det er meir spent mellom USA og Russland enn nokon gong, samtidig som Noreg har ei forsvarsevne som er tilpassa fredstid. Dette gjer oss meir avhengig av USA enn nokon gong på over ein generasjon, seier Heier:

– Om den største trugselen for USA kjem frå atomrakettane og atombåtane er det uaktuelt om Noreg blir eit svart hol der dei ikkje har kontroll.

Kan trumfe norsk lov

Samtidig er det uklart kor mykje makt USA faktisk har over desse områda. I avtalen står det at USA kan sette ­avtalen til side «der det ikkje er i samsvar med amerikanske tenestlege behov». Det vil seie at amerikanske ­operative omsyn kan trumfe norsk kontroll.

– Kven avgjer når reglane ikkje lenger er foreinlege?

– Det er USA, og som alle andre statar i verda, følgjer dei først og fremst sine eigne nasjonale interesser, seier Heier.

I ytste fall kan det bety at USA kan utføre operasjonar og angrep frå norsk territorium, slik dei vil. Det er problematisk på grunn av tre ting, ifølgje Heier:

  • 1. Det er ikkje sikkert at USA og Noreg har like syn på korleis ei krise bør handterast. I motsetning til USA samarbeider Noreg med Russland om fiskeriressursar i Barentshavet, redningstenesta for fiskarar i nord, grensa ved Storskog, forsking på ressursforvaltning, i tillegg til at ein fjerdel av Finnmark får straum frå Russland.
  • 2. Det er usikkert om norske styresmakter og Forsvaret har kontroll på korleis amerikanske styrkar opererer inn og ut frå norsk territorium når dei ønsker å handtere ei krise med Russland.
  • 3. Det er også tvil om norske politikarar og det norske forsvaret har kompetanse til å forstå kva strategiar USA legg til grunn når dei ønsker å handtere ein russisk trugsel.

Natos yttergrense

Sidan Noreg blei med i Nato i 1949, har det vore eit viktig kriterium å ikkje gi framande styrkar tilgang til territorium for nære Russland. Desse såkalla sjølvpålagde restriksjonane har derimot ikkje Finland. Ein av basane som inngår i avtalen med USA, Ivalo, ligg berre 45 minutt unna grensa til Russland. Heier meiner likevel at dei norske sjølvpålagde restriksjonane er gjeldande.

– Men det verkar som at det er ei meir pragmatisk praktisering av dei sjølvåplagte avgrensingane. Ei gradvis utholing med andre ord.

Har desse restriksjonane ein verdi, når Finland på mange måtar tar over rolla som Nato si yttergrense i nord?

Det har framleis verdi. Om Russland pressar Noreg militært kan Noreg truge med å seie at vi vil avvikle dei sjølvpålagde restriksjonane. Då kan det fort bli både amerikanske basar i Finnmark og atomvåpen i Noreg, noko russerne neppe ønsker – og som kanskje kan få dei til å besinne seg viss spenninga aukar, seier Heier.

Kritisk til utvidingar

Forsvarspolitisk talsperson i Raudt, Bjørnar Moxnes, kallar tredoblinga av USA-tilgang for uklok, farleg og hovudlaus. Han seier Noreg gir frå seg suverenitet, samtidig som vi gjer Norden til eit høgspenningsområde.

– Dei får basar lenger nord enn nokon gong før, men det verste er den valdsamveldigei omfang. Det endrar kvalitet. USA vil vere inne dei fleste stadane vi har anlegg, seier Moxnes.

– Det er ikkje eit lite stykke Amerika, men mange store stykke Amerika på norsk jord.

Moxnes seier at utvidinga er så inngripande i norsk suverenitet at det trengst tre firedels fleirtal i Stortinget for å bli vedtatt. Raudt får støtte frå SV som også meiner avtalen krev kvalifisert fleirtal.

– Dette er ein farleg strategi. Det svekker norsk suverenitet og råderett over norsk jord ved å gi eksklusiv tilgang til område i Noreg. Det gjer oss meir sårbare i stormaktsrivalisering, seier forsvarspolitisk talsperson, Ingrid Fiskaa.

Fiskaa meiner at vi heller burde fokusere på å bygge opp eige forsvar og alliansar med land som har like interesser som Noreg i tilfelle større konfliktar. Noko USA ikkje har, ifølgje Fiskaa.

Arbeidarpartiet på Stortinget har eit anna syn på dette. Forsvarspolitisk talsperson Nils-Ole Foshaug seier amerikanarane har vore i nord i lang tid, og at avtalen er gjort etter respekt frå norske lover og reglar.

– Denne utvidinga som skjer no, skjer også i Danmark, Sverige og Finland. Tryggleikssitusjaon har gått i motsett retning. Utvidinga er klok og riktig, seier Foshaug.

Forslaget skal no først ut på høyring, før det skal bli stemt over i Stortinget, som må samtykke for å gjere avtalen gyldig.

Dette får du

  • Maktkritisk journalistikk

    Få tilgang til hele avisa på papir og nett. Du kan velge å få papiravisa hver dag, lørdag eller kun nettavis.

  • Prisvinnende nettavis

    Klassekampen.no gir papirfølelsen på nett, uten distraksjoner og billige grep.

  • Magasiner

    Du får Musikkmagasinet på fredag, Bokmagasinet på lørdag, samt Le Monde diplomatique på norsk en gang i måneden.