Eg vil risse det femte bodet inn i sjølve sola inn i krigsstartaren sin iris eg vil at suset frå all fornuft skal skal lamme viljen til å avfyre skotet eg vil stå fast i heisen med Biden i fleire døgn utan vatn eg vil at alle hjarte som vert teikna i barnehagen skal vekse seg store og banke for livet eg vil at milliardane av mødre får munnen full av veto eg vil be om årsaking for heile livet i ufridom utan å vente tilgjeving eg vil du skal få kraft til å løfte murblokka eller døy fort eg vil at dampen frå alle som ropar nei skal opne eit fang opne krana til ein foss...