Nokre folk har vore opptekne av å skilje mellom «god jul» og «gledelig jul». Skiljet ser ut til å ha sitt utspring på vestkanten av Oslo, og det er i løpet av julaftan at skikken seier at du skal byte frå «god jul» til «gledelig jul». Slike ritual kan jo vere kjekke, men akkurat denne tradisjonen ser ut til å vere i ferd med å forsvinne. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier til Aftenposten at «god jul» fungerer bra heile jula, og tidlegare språkprofessor Finn-Erik Vinje seier at skikken er eit uttrykk for snobberi. Vinje er mellom anna kjent for sitt hat mot norske dialektar, så det er kanskje ikkje eit godt teikn om han kallar deg ein snobb.