Film

Flokkmen­ta­litet

«Dream Scenario» er Kristoffer Borglis beste til no.

På sitt beste: Ein svært velvald Nicholas Cage spelar biologiprofessoren som plutseleg byrjar å dukka opp i draumane til studentar og naboar. Foto: Ymer MediaPå sitt beste: Ein svært velvald Nicholas Cage spelar biologiprofessoren som plutseleg byrjar å dukka opp i draumane til studentar og naboar. Foto: Ymer Media

Dream ­Scenario

USA, 2023 Regi og manus: Kristoffer Borgli Satire/ 1 t.42 min./ Kino frå 2. februar

Kristoffer Borgli slo gjennom i fjor med ein prisvinnande satire om vår tids digitale oppmerksemdsøkonomi, «Syk pike». Berre halvtanna år etter den kritikarroste Cannes-premieren er Borgli klar med endå ein kvass kulturanalyse. Her blir livet til ein anonym universitetsprofessor snudd opp ned i det han – på stadig meir urovekkjande vis – byrjar å dukka opp i draumane til kollegaer, studentar og vilt framande. «Dream Scenario», som også inneheld ein av Nicolas Cages aller beste rolleprestasjonar, må dessutan seiast å vera ein av dei mest kunstnarisk vellukka overgangane frå norsk til amerikansk filmbransje nokon gong. Kanskje skuldast det at USA er sjølve kjelda til dei sosiale fenomena Borgli interesserer seg mest for, så som den drivande logikken i viralt kjendiseri og merkevarekapitalisme?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Film

Franz

Kafka-film som feilar på eit interessant vis.

Film

A Prayer for the Dying

Hvordan hanskes med så vel epidemi og skogbrann som krigstraumer – i 1870.

Film

Tony

En sommer med 19 år gamle Anthony Bourdain – og 106 minutter med tv-seriedramaturgi.