Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Dream Scenario» er Kristoffer Borglis beste til no.

Flokkmentalitet

På sitt beste: Ein svært velvald Nicholas Cage spelar biologiprofessoren som plutseleg byrjar å dukka opp i draumane til studentar og naboar. Foto: Ymer Media

Dream ­Scenario

USA, 2023 Regi og manus: Kristoffer Borgli Satire/ 1 t.42 min./ Kino frå 2. februar

Kristoffer Borgli slo gjennom i fjor med ein prisvinnande satire om vår tids digitale oppmerksemdsøkonomi, «Syk pike». Berre halvtanna år etter den kritikarroste Cannes-premieren er Borgli klar med endå ein kvass kulturanalyse. Her blir livet til ein anonym universitetsprofessor snudd opp ned i det han – på stadig meir urovekkjande vis – byrjar å dukka opp i draumane til kollegaer, studentar og vilt framande. «Dream Scenario», som også inneheld ein av Nicolas Cages aller beste rolleprestasjonar, må dessutan seiast å vera ein av dei mest kunstnarisk vellukka overgangane frå norsk til amerikansk filmbransje nokon gong. Kanskje skuldast det at USA er sjølve kjelda til dei sosiale fenomena Borgli interesserer seg mest for, så som den drivande logikken i viralt kjendiseri og merkevarekapitalisme?