Anne-bente Hadeland har delt denne artikkelen med deg.

Anne-bente har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Regjeringa vil forby å omvende homofile. Jenny Klinge (Sp) har skrive til heile Stortinget for å få dei til å tenkje seg om før avstemminga.

Kjempar mot regjeringa

NEKTAR: Jenny Klinge vil ikkje ha forbod mot konverteringsterapi av transpersonar. Foto: Heiko Junge, NTB

Måndag klokka 14.13 trykka Sp-representant Jenny Klinge «send» på ein e-post til alle sine 168 politikerkollegar på Stortinget.

Tittelen på e-posten var «Innspel før avstemming om konverteringsterapi-saka 7. desember». Klinge forsøkjer å overtyde stortingsrepresentantar om å røyste mot lovforslaget til Ap/Sp-regjeringa om å forby sokalla konverteringsterapi.

Regjeringa vil straffe det med bot eller fengsel i tre år om du «anvender metoder med formål om få en annen til å endre, fornekte eller undertrykke sin seksuelle orientering eller kjønnsidentitet, som er klart egnet til å påføre vedkommende psykisk skade».

Sp har fristilt alle sine representantar til å røyste fritt i saka, sjølv om dei er eit regjeringsparti. Klinges kampanje er eit siste forsøk på å konvertere tvilarane i dei andre partia slik at dei røystar mot når saka kjem til votering i stortingssalen torsdag neste veke. Ho er imot at formuleringa om kjønnsidentitet er med i forslaget.

Etter det Klassekampen har grunn til å tru, kjem
Klinge til å gå på et solid nederlag.

Ville få folk til å tenkje

Jenny Klinge seier at ho sende ut e-posten for å få representantane til å tenkje seg godt om før dei røystar.

– Vi har jo sett at det er eit fleirtal i Stortinget som er meir opptekne av å vere snille enn av å tenkje. Det blir tydeleg i sak etter sak, som i lov om endring av juridisk kjønn og som då kjønnsidentitet vart teke inn i straffelovas §185 om hatkriminalitet. Det er ingen motsetnad mellom å bruke hovudet og ha eit varmt hjarte for folk som slit. seier ho.

– Dette er jo eit forslag som kjem frå regjeringa som de er
ein del av. Trur du Arbeidarpartiet vert irriterte på dykk for at de ikkje samlar dykk bak forslaget?

– Det er sikkert nokre i Ap som vert irriterte, men eg veit også at det er fleire i det partiet som er samde med meg, seier Klinge.

I ei tekstmelding til Klassekampen skriv parlamentarisk leiar i Ap Rigmor Aasrud at Ap kjem til å røyste
samla for forslaget i Stortinget.

«Vi er glade for at det ser ut til å bli et bredt flertall på Stortinget for et forbud mot konverteringsterapi, en aktivitet som faktisk ødelegger mange liv. Som regjeringen skriver i forslaget er det en uakseptabel innblanding i folks seksuelle orientering og kjønnsidentitet.
Når det gjelder samarbeidet med Sp, tar vi det i internt», skriv ho.

Det ligg an til at eit solid fleirtal på Stortinget kjem til å støtte framlegget frå regjeringa. Både Høgre, Venstre, MDG, SV og Raudt er positive til forslaget. Klassekampen er kjent med at Høgre har planar om å røyste samla for forslaget.

Kan ikkje støtte

Mange i det skeive miljøet i Noreg vart glade då regjeringa i sommar la fram eit forslag om å forby konverteringsterapi.

Det var barne- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) som la fram forslaget, og det rettar seg særleg mot ein praksis som har vore vanleg i nokre religiøse miljø. Gjennom konverteringsterapi forsøkjer desse miljøa å få homofile folk til å forstå at dei eigentleg er heterofile.

Jenny Klinge seier at grunnen til at ho er negativ til forslaget frå regjeringa, er at det ikkje berre skal gjere det forbode å forsøkje å konvertere homofile, men også transpersonar. Det kan ikkje ho gå med på.

– Eg kan forstå intensjonen om å hindre forsøk på å vende om homofile personar. Når det no også skal gjelde såkalla konverteringsterapi av transpersonar, så blir det noko heilt anna. Det kan eg ikkje støtte, seier ho.

– Kva er skilnaden mellom dei to?

– Viss du forsøkjer å konvertere ein homofil person og gjere han eller ho heterofil, så forsøkjer du å gjere dei til noko dei faktisk ikkje er. Folk som er usikre på kjønnet sitt, er jo uansett mann eller kvinne, men dei føler sjølv at dei er noko anna enn det dei faktisk er. Det vi som samfunn må gjere då, det er å gjere dei trygge i den kroppen dei er fødd i. Og så må dei få lov til å uttrykkje seg og kle seg slik dei vil, men det forandrar ikkje at nokre er kvinner og nokre er menn, seier Klinge.

Pleier å fristille

Parlamentarisk leiar i Sp Marit Arnstad seier at det ikkje er noko unormalt ved at partiet fristiller representantane sine i denne saka.

– Vi har ein 50-årig tradisjon om å fristille våre representantar i veldig verdibaserte spørsmål, eller spørsmål som handlar om religionsfridom, seier Arnstad.

Ho presiserer at ho oppfattar motstanden i Sp-gruppa ikkje som retta mot konverteringsterapi i seg sjølv, men mot at lovforslaget inkluderer kjønnsidentitet.

– Det står ingenting om rekkjevidda av eit slik forslag i regjeringsplattforma, og det med å avklare kjønnsidentitet var ikkje ein del av regjeringsplattforma. Og det har det vore diskusjon om i gruppa vår, seier Arnstad, og legg til:

– Så veit ikkje eg kor mange i vår gruppe som kjem til å røyste mot dette forslaget, men eg trur ikkje det er mange.

Dette får du

  • Maktkritisk journalistikk

    Få tilgang til hele avisa på papir og nett. Du kan velge å få papiravisa hver dag, lørdag eller kun nettavis.

  • Prisvinnende nettavis

    Klassekampen.no gir papirfølelsen på nett, uten distraksjoner og billige grep.

  • Magasiner

    Du får Musikkmagasinet på fredag, Bokmagasinet på lørdag, samt Le Monde diplomatique på norsk en gang i måneden.