Å stikka ut auget på kyklopen var ei smart løysing på eit akutt problem. Sett i perspektiv var det ein katastrofe, for far til kyklopen var guden Poseidon. No vende heile flokken av olympiske gudar seg mot Odyssevs og lova kvarandre at han aldri skulle koma heim att, i alle fall ikkje på lenge. Endåtil Athene, som han stod under særskilt vern hos, lét han greia seg sjølv i mange år.