Dagboka

Tafse-bot

En tilreisende til Svalbard har fått 10.000 i bot for å ha tatt en kvinne på rumpa på et utested i Longyearbyen. Øygruppas politimyndighet Sysselmesteren har snakket med partene og konkluderer med bot. Den bøtelagte er en mann i 30-årene. Det går fram av omtalen i Svalbardposten at han ikke kjente dama han tafset på, og det skjedde uten samtykke. Juristen konkluderer med at mannen har utvist seksuell krenkende atferd. Han har allerede vedtatt boten.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Varsam

Å fortelje skrekkhistorier om selskap som var for treige med å ta i bruk ny teknologi har vorte veldig populært blant næringslivsleiarar, men kvifor fortel dei aldri om selskapa som gjekk til grunne fordi dei var for raske med ny teknologi? Redaktør i Bergens Tidende Trond Olav Skrunes skriv i nyheitsbrevet sitt om mobiltelefongiganten Nokia, som var verdsleiande på 2000-talet. I dag er det ingen som har ein Nokia-telefon, og det er fordi dei var for treige med overgangen til smarttelefon og vart utkonkurrert av Iphone. Det meiner Skrunes at mediebransjen kan lære av. Ja vel, men kva kan vi lære av bokhandlarkjeda Borders, som satsa alt på bøker lagra på dvd-disker, og som mista posisjonen sin då det synte seg at det var eit daudfødt prosjekt? I dag er det noko stakkarsleg over folk og bedrifter som er skeptiske til å ta i bruk ny teknologi, men eg meiner at det som burde kjennest skamfullt, det er å hoppe ut i ny teknologi utan atterhald for å prøve å henge med. VG har til dømes hatt fleire store flausar knytt til bruk av kunstig intelligens, men då dei vert konfrontert med det, ser dei ikkje ut til å ta det så tungt. I ei sak med Vendela Kirsebom lét VG kunstig intelligens finne på eit sitat som Kirsebom aldri hadde sagt, men ein VG-representant nøyer seg med å skildre det som «ikke optimalt».

Ungdom

Unge folk er spreke, vakre og fulle av livsgnist, men dei har ikkje så mykje meir å fare med enn det. Ikkje at det er lite, altså. Det er likevel ikkje nok til at eldre folk bør gå rundt å lytte til unge folk. Når unge folk sluttar å sjå Dagsrevyen, så er NRK sitt svar å gjere programmet meir ungdommeleg. Og VG møter papiravisas fall med å satse på Tiktok. Har ungdommen eit godt poeng når dei foretrekkjer mobilvideoar framfor tradisjonell journalistikk? Nei, dei har ikkje eit godt poeng i det heile teke.

Pukkel

En statsminister på folkemøte må være forberedt på alt. I Alta måtte Jonas Gahr Støre denne uka svare på alt fra akutthelseberedskap via formuesskatt til økt bolyst. Flere tema lovte han å ta med videre, blant dem pukkellaks. I år er det nemlig pukkellaks-år i nord. Denne uønskede stillehavslaksen ankommer hvert andre år. I år skal visstnok mengden nærmest femdobles mot 2023, da det var svært mye slik laks som oppsøkte fjordene og elvene i Troms og Finnmark. Bare Tanaelva vil få besøk av en halv million pukkellaks, tror forskerne. Pukkellaksen lever kun to år.