Det kan verka underleg i 2023 at Martin Scorsese skulle fortelja historiene til dei første innbyggjarane i Amerika. Tida då dei privilegerte fritt kunne framstilla dei uprivilegerte, er forbi. Dessutan er den italienskætta filmskaparen i første rekkje kjent som ein fortolkar av urbane, europeiske immigranterfaringar, mannleg utanforskap og alternative, kriminelle sosiale hierarki i USAs storbyar.
Utidsmessig handtering av viktig USA-historie, blir legitimert av Scorseses eiga medverking.