Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Utidsmessig handtering av viktig USA-historie, blir legitimert av Scorseses eiga medverking.

Den kvite djevelens by

Tragedie: Lily Gladstone er nydeleg i rolla som Mollie, medan Leonardo DiCaprio (med vilje) er ein karikatur av den kvite settlaren og svindlaren. Foto: UIP/Apple

Killers of the Flower Moon

(USA, 2023) Regi: Martin Scorsese Manus: Eric Roth og Martin Scorsese etter David Granns bok Drama/ 3t.26min./ Kino

Det kan verka underleg i 2023 at Martin Scorsese skulle fortelja historiene til dei første innbyggjarane i Amerika. Tida då dei privilegerte fritt kunne framstilla dei uprivilegerte, er forbi. Dessutan er den italienskætta filmskaparen i første rekkje kjent som ein fortolkar av urbane, europeiske immigranterfaringar, mannleg utanforskap og alternative, kriminelle sosiale hierarki i USAs storbyar.