Bankane blir rike, medan vanlege folk vert fattigare. Konsernsjef i DNB Kjerstin Braathen tykkjer det er viktig at bankane tenar pengar.

Ler heile vegen til banken

NØGD: Kjerstin Braathen tenar 15 millionar årleg. Her er ho fotografert i DNB sine lokale i Bjørvika i Oslo.

– Kvifor er det så store overskot i banknæringa akkurat no?

– Overskota heng saman med mykje. Vi driv jo med mange forskjellige ting. Det er klart at ein del av overskotet handlar om renta, sidan renta er vår hovudråvare. Når renta er veldig låg, så tenar bankane litt mindre. Når er renta er høg, så tenar bankane litt meir. I tillegg er det ein stor del av overskotet som er knytt til rådgjeving til verksemder i Noreg og utanlands, til fusjonar og oppkjøp og til betalingstenester. Vi er ei bedrift som driv med mykje forskjellig.

– Nyleg tok eigarane av DNB ut 19 milliardar kroner i utbytte. Skjønar du at det kan framstå som umusikalt at de tenar så mykje pengar, samstundes som dei høge rentene gjer at folk flest no har det trongare økonomisk?

– Ja, eg skjønar veldig godt at ein kan oppleve det som eit paradoks. Alle merkar no at prisane går opp, og det er ikkje berre rentene som går opp. Det har vore ei veldig stor endring på kort tid, og det er krevjande for mange. Og så er det viktig for oss å tenkje på vår rolle, og kva vi kan gjere i denne situasjonen. Vi ser at det er eit stort behov for å prate med oss, og vi gjev mykje rådgjeving ut til kundar. Det er to ting folk er opptekne av: det eine er økonomien generelt og kva endringar folk må gjere for å få det til å gå rundt, og det andre er at folk vil forsikre seg at dei har dei beste vilkåra som er mogleg å få. Vi meiner jo at våre kundar har veldig gode vilkår.

– Kvifor er de alltid så raske med å skru opp renta etter at styringsrenta har vorte skrudd opp?

– Eg skjønar at det kan sjå slik ut når du les det som stå i media, men av dei 13 siste rentehevingane, så har vi berre vore den første banken til å heve renta ein gong.

– Er ikkje det berre fordi det finst nokre småbankar som er endå tidlegare ute?

– Det varierer også. Vi er heller ikkje den fyrste store banken i kvar runde. Det er nok meir samansett enn det kan verke som. Dei aller fleste bankane i Noreg gjer noko i løpet av relativt kort tid etter at sentralbanken har sett opp styringsrenta.Det som er viktig for kundane er jo korleis prisane ser ut til slutt. Spørsmålet er om vi er ein tiltrekkjande bank, og eg meiner jo at vi har veldig konkurransedyktige prisar. No har vi vonleg nådd ein topp med renta, og då vil det verte lettare å samanlikna dei ulike bankane. Det oppmodar vi folk om å gjere. Det er god konkurranse mellom bankar i Noreg, og det er bra.

– Kunne de likevel ha haldt litt meir igjen, no som de tenar så mykje pengar? Kva ville ha skjedd då?

– Vi må drive ei verksemd som står seg over tid. Er det viktig at bankar tenar pengar? Svaret mitt på det spørsmålet er ja. Det er viktig at bankar er i stand til å støtte økonomien, verksemdene og arbiedsplassane. Viss ingen er der til å kunne låne ut pengar, så er ikkje det bra. Dei bankane som ikkje er norske trekkjer seg ofte litt attende når det er vanskelegare tider.

– Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) har sagt at bedriftene med statleg eigarskap har vore for dårlege til å syne moderasjon i leiarløningane, og at denne regjeringa kjem til å vere strengare med å seie ifrå om det på generalforsamlingar og i styre. Trur du han mellom anna tenkjer på DNB når han seier det?

– DNB er jo delvis statseigd, og vi er underlagt eigarskapsmeldinga til regjeringa. Vi har ein veldig tett dialog med næringsdepartementet, og dei er veldig transparente i sine forventningar. Det er veldig etablerte strukturar som ligg til grunn, og dei er tydelege på at dei forventar moderasjon. Dei er tydelege på at vi skal vere konkurransedyktige, men ikkje lønsleiande. Det er ei linje eg meiner vi følgjer.

Løna di var på 15,4 millionar kroner i fjor. Er det for høgt, eller er det passeleg?

– Eg skjønar at mange synest det er ei høg løn. Mitt ansvar er å prøve å styre DNB og dei ressursane og kompetansane vi har til å hjelpe og støtte kundane våre.

– Hadde du søkt på jobben som konsernsjef i DNB dersom løna hadde vore seks millionar kroner, trur du?

– Eg trur ikkje eg skal svare på hypotetiske spørsmål.

– Eg har alltid tenkt at næringslivet kanskje overvurderer kor stor skilnad det er på folk, og kor mykje flinkare nokre folk er enn andre. Hadde det ikkje gått heilt fint om løna var seks millionar? De hadde vel fått flinke søkjarar då og?

– Eg trur at det er ein samanheng mellom kompensasjon og kven som søkjer ein jobb, og at det er konkurransei ein marknad. Vi er ein av dei mest attraktive arbeidsgjevarane i Noreg, og det er mange ting som bidreg til det. Det kan handle om bedriftskultur og moglegheiter for å lære og utvikle seg. Det betyr mykje for kor attraktiv ein arbeidsplass er, men eg trur at kompensasjon også betyr noko.

– Leiarane i Klassekampen tenar mykje mindre enn leiarar i andre aviser av same storleik, men det er mange flinke folk som søkjer på stillingane likevel. Kan det ikkje hende at det hadde vore slik for dykk og?

– Det er viktig å seie at det ikkje er eg som bestemmer løna mi, det er det eigarane og styret som gjer. Eigarane er opptekne av at løningane skal vere konkurransedyktige. Vi er ei av dei bankane som driv mest effektivt i Europa, og løn er ein del av å trekkje til seg kompetansen som gjer det mogleg.

– Synest du det er bra at staten er den største eigaren i DNB?

– Ja. Eg trur ikkje DNB hadde vore ein norsk bank om ikkje staten var den største eigaren. Eg trur det hadde vore ein bank med utanlandske eigarar, og eg trur aktiviteten vår i Noreg hadde vore mykje mindre enn det han er i dag.

– Kvifor det?

– Fordi vi er ein attraktiv bank å eige, og det er andre store aktørar i Europa som veks gjennom å kjøpe andre bankar. Då å ha ei verksemd i Noreg som ligg så langt framme på effektivisering og digitalisering som det vi gjer, det er veldig attraktivt. Vi blir eigentleg sett på som ein spydspiss innanfor innovasjon i Europa, og det er mange europeiske bankar som klør seg i hovudet og lurer på korleis vi får det til. Viss det hadde vore mogleg for nokre av dei aktørane å kjøpe DNB, så er eg ganske sikker på at det hadde skjedd.

– Så det hadde ikkje vore lurt å privatisert DNB vidare?

– Det ligg jo i det eg seier no at eg trur det er fornuftig med det eigarskapet vi har. Eg trur det er viktig for Noreg å ha ein stor aktør med den kompetansen vi har. Vi knyter saman fleire marknadar innan finans og det maritime, og eg trur det er ein veldig styrke for Noreg å ha ein slik stor aktør. Det trur eg er viktig for Noreg. Og så er den norske stat ein god og profesjonell eigar. Eg må likevel seie at nokre av våre utanlandske eigarar spør om akkurat det du spør om no, og lurer på korleis det er å ha staten som ein stor eigar.

Mot veggen