Ansvaret ligg hjå festbrukarane

Det undrar meg at mange av dei som uttalar seg i media om kriminelle nettverk anten det er i Sverige eller i Noreg, ikkje vil gå inn til kjernen i problemet, anna enn kanskje med ei vag og innleiande setning om narkotikaomsetting. Årsaksforklaringane deira ligg gjerne på slikt som innvandring, segregering, lovverk, språkvanskar og så vidare. Få snakkar om den drivkrafta og den motivasjonen som blir skapt når folk blir hekta. Narkotikaomsettinga er sjølvsagt driven av enorme gevinstar, men drivkrafta ligg også i opplevingane som rusen gir.

Debatt