Dagboka

Tiktok 2

Som lesere av denne spalta vet, har jeg nylig gått dit ingen middelaldrende mann på venstresida har gått før meg. Jeg er på Tiktok. Dagens ungdom får i økende grad sin politiske informasjon fra, og kun fra, den kinesiske appen Tiktok. Der dominerer høyrekreftene totalt. Mitt mål er å være en saklig motvekt til høyrepropagandaen som mates inn i ungdommens hoder i en formativ fase.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Merito­krati

Då den flamske diplomaten Ogier Ghiselin de Busbecq vitja det osmanske riket på 1500-talet, vart han fascinert av kor godt sultanen hadde lukkast med å skape eit system der folk fekk toppstillingar i staten fordi dei var flinke. Heime hjå habsburgarane var det slekta di som avgjorde kor langt du kunne nå. I det osmanske riket kunne sonen til ein gjetar få ei toppstilling i administrasjonen, om han var flink nok. Det var truleg eit klokt instinkt. Den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama skriv at det er mykje betre for eit samfunn å basere seg på meritokrati, enn på at posisjonar og makt går i arv. Likevel vil alle meritokratiske system innebere ein konstant kamp for å unngå å forvitre, seier Fukuyama. Vi menneske stolar nemleg meir på familie og vener enn vi gjer på framandfolk. No meiner Fukuyama at det er i ferd med å skje i heimlandet hans USA.

Bergen

Vi e’kje frå Norge, Vi e’frå Bergen. Bergens Tidende kunne torsdag kveld melda at to bergensarar var på veg inn i regjeringa. Regjeringsrokaden blei det første oppdraget for den nye kongen. Det er mange omsyn å ta i ein regjeringskabal: Kjønn, bakgrunn, utdanning – og sjølvsagt geografi. Det har lenge vore ei misnøye med det svake vestlandsavtrykket i Støre-regjeringa. I fjor kunne Bergensavisen etter ei oppteljing, fortelja at av dei 69 statsrådane og statssekretærane i Støres mannskap, var halvparten frå Austlandet. Frå Bergen har til no kulturminister Lubna Jaffery sete aleine som statsråd.

KI

I podkasten «Ubehaget i kulturen» denne veka diskuterer Morgenbladet-journalistane Hanne Østli Jakobsen og Bernhard Ellefsen utviklinga innan kunstig intelligens. Dei er samde om at det er vanskeleg å forstå kva som er motivasjonen til dei store KI-selskapa, utanom å ville sjå kor kraftig kunstig intelligens kan bli, nærast for moro skuld. Eg trur tvert om at fleire av leiarane i KI-industrien meiner alvor når dei seier at dei vil gjere verda til ein betre stad. Dei er overtydde om at KI vil kurere sjukdommar, gjere energi billigare og skape samfunn der alle har meir ressursar. Det kan godt hende dei tek feil. Det er mange gode grunnar til å vere både skeptisk og negativ til utviklinga av KI. Det er ei av dei største industrielle satsingane gjennom tidene, det skjer veldig raskt, og det er eit ope spørsmål kva det eigentleg vil føre til.