Dagboka

Etasjen

Det er populært å ta tog. Intercity-linene frå Oslo til Lillehammer, Halden og Skien har gått frå 7,9 millionar påstigingar i 2012 til 15,9 i 2019 (åra frå 2020 til 2022 er misvisande på grunn av korona), Gjøvikbana har gått frå 1,3 til 2,1 millionar og lokaltoga i Oslo frå 36,7 til 41,1 millionar. Auken er raskare enn styresmaktene hadde sett for seg, og dei bad difor Jernbanedirektoratet om å finne ut korleis ein kan få plass til alle desse passasjerane på toga.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Hysj

Blant årets budsjettvinnere er en etat vi vet lite om, og de vil heller ikke at vi skal ha særlig innsikt. Forsvarets Etterretningstjeneste får økt sitt budsjett fra 4,8 milliarder til drøyt 5,2 milliarder kroner. Pengene skal brukes til å øke antallet ansatte og til bedre teknologi. Økt etterretning og trusselvurdering er prioritert. Vardø og Vadsø i Finnmark er blant landets største forsvarskommuner, takket være E-tjenesten. Selv ikke ordførerne vet hvor mange som jobber på de lukkede stasjonene, men det dreier seg om flere hundre. Slike E-stasjoner befinner seg i all hemmelighet flere steder i landet.

Jobbtabbe

Regjeringa kuttar i inntektsskatten og vil med det gjera det meir attraktivt å jobba. «Kutta er i tråd med arbeidslinja», sa Jonas Gahr Støre då han blei spurd ut om neste års budsjett. Han håpar ein hundrelapp mindre i skatt i månaden (som folk med 700.000 kroner i året får) vil få fleire til å jobba meir. Det er ikkje tvil om at arbeidslinja er populær i regjeringa om dagen. Det kom forresten sterkt til uttrykk eit par dagar før statsbudsjettet blei lagt fram. Då helseminister og Ap-nestleiar Jan Christian Vestre fortalde pressa at han snart skal bli pappa, blei han sitert på følgande: «Jeg kommer ikke til å trappe ned jobben. Jeg liker å jobbe mye, og jeg har mye ugjort» (Jada, han sa mykje anna også, han skulle stilla opp i heimen og ta pappaperm, men det var dette som stod igjen i den vesle NTB-notisa). For eigen del hadde eg ein dårleg dag på jobben tysdag, då det viktige statsbudsjettet kom.

Status

Statsbudsjettet fortel ikkje berre om neste års pengebruk, men gir også informasjon om oppfølging av vedtak gjort i Stortinget. Oppfølging av oppmodingsvedtak heiter det, og viss regjeringa ikkje har levert på saka enno, skriv departementet at regjeringa vil «komma tilbake på eigna måte». Åtte er gått sidan Stortinget i 2018 bad regjeringa om at det blir innført ei merkeordning for alkoholhaldig drikk med åtvaringar om alkoholbruk under graviditet og i samband med køyring. Dette lovar regjeringa å komma tilbake til. I 2023 bad Stortinget regjeringa opna eit område i nord for havvind som kan utlysast seinast i 2027. Dette vil regjeringa også komma tilbake til. I 2021 bad Stortinget regjeringa om å oppfylla målet om 10 prosent vern av kyst- og havområde innan 2030.