– Gratulerer med plass i Oslo bystyre for partiet Sentrum!
– Tusen takk for det! Det var veldig kjekt. Vi hadde jo eit håp om at det kunne gå, men det var veldig kjekt å vakne klokka fire på morgonen til nyhendet om at vi var inne. Vi skjønte etter kvart at bodskapen vår om psykisk helse, rettane til utviklingshemma, mangfaldskompetanse og så bortetter trefte ei nerve.
– Var det ikkje heller bodskapen om å forby koranbrenning som trefte ei nerve hos muslimar, då?
– Nei, det var ikkje berre det, altså! Vi er litt overrepresentert på austkanten, men vi gjer det faktisk nesten like bra på vestkanten. Eg trur det fer fleire grunnar til at vi gjer det bra. Vi har ein veldig tydeleg politikk mot diskriminering og mot rasisme, men like viktig er nok vår politikk rundt eit lågterskeltilbod for folk som slit med psykisk helse. Vi fekk terningkast seks av mental ungdom, til dømes. Også fattigdomsproblematikken har vi løfta veldig, og det har nok slått positivt ut på austkanten. Det er også slik at folk med utviklingshemmingar kanskje er den mest diskriminerte gruppa i Oslo, og der har vi veldig konkret og god politikk.
– Leiaren og nestleiaren av Unge Sentrum har meldt seg ut i protest og seier at Sentrum no har blitt kapra av konservative islamistar. Er det riktig?
– Hehe, eg veit ikkje kor dei konservative islamistane er i så fall. Om vi har blitt infiltrert av nokon, så må det vere Handikapforbundet, sidan vi har fleire på lista vår i Oslo med funksjonsnedsettingar. Dei to som har meld seg ut gjorde det klart for oss i god tid før valet, og dei oppgav sine grunnar for det. Eg vil berre takke dei for jobben dei har gjort for oss og ønskje dei lukke til vidare.
– Organisasjonen Islam Net har oppmoda folk om å røyste på dykk. Dei er vel ganske konservative muslimar?
– Eg ser at dei gir høg vurdering av oss, men om du les vårt program, så går vi ikkje til val på saker som Islam Net støttar. Vi har eit av dei mest moderne og menneskerettsbaserte programmet når det gjeld skeive og rettane til skeive – òg når det gjeld uttrykk for seksuell legning og kjønn. Ein av våre fantastiske fylkesleiarar har vore ein premissgjevar inne i partiet, og driv eit stort og viktig arbeid for at vi skal vere oppdatert for skeive grupper.
– I valkampen fortalde de til muslimske organisasjonar at de meiner at det allereie er forbode å brenne koranen i Noreg, og at de meiner at politiet må handheve det forbodet. Ytringsfridomsjurist Anine Kierulf seier at ho ikkje skjønar argumentasjonen din, og at du ikkje syner til rettskjelder når du argumenterer. Kva tenkjer du om det?
– Det er stor grad av usemje i det juridiske miljøet. Eg har jobba med dette feltet i 30 år, og eg har vore leiar av Likestillings- og diskrimineringsnemnda. Det eg har sagt, er at vi må sjå koranbrenning i den konteksten det skjer. Det skjer gjerne av innvandrarfiendtlege organisasjonar, framfor skular og moskear. Det skaper opprør og fortviling, og det skjer nesten alltid med tilrop og hatefulle ytringar. Dei har ingen intensjon om å setje i gang ein diskusjon om religion. Dei har berre som intensjon å skape fortviling. Då meiner eg at det kan vere det som i lova heiter hatefulle ytringar å brenne ein koran.
– Så dette er ikkje ei juridisk vurdering som er basert på at det er politisk opportunt for deg å lande på denne konklusjonen?
«Eg veit ikkje kor dei konservative islamistane er.»
— Geir Lippestad, bystyrerepresentant i Oslo for Sentrum.
– Eg har vore heilt konsistent i meir enn to år. Og også i andre forhold som har med livssynsopne samfunn å gjere. Når eg seier livssynsopen, betyr det at partiet Sentrum tek imot alle, uansett kva dei trur eller ikkje trur på. Vi må ha respekt for at mange i Oslo har ein religion. Til dømes på sjukeheimar, det må vi tilpasse, og det handlar om mangfaldskompetanse. Meir enn 50 prosent av borna på Ullevål sjukehus, er born med innvandrarbakgrunn. Nesten ingen av dei spør etter rehabiliteringstenester når dei kjem ut. Då er ikkje tenestene relevante. Dette er mangfaldskompetanse. Dette har eg prata om i tiår, om eg skal seie det sjølv.
– Det meiner at det allereie er forbode å brenne koranen, og at politiet må handheva det. Kan du påverke det i bystyret?
– Ja, det kan vi. Fordi i ein kommune som Oslo, så har vi politirådet, og der sit kommunen med folkevalde. Der diskuterer vi kva slags utfordringar med kriminaliteten i Oslo det er vi skal satse på. Der kan dei folkevalde og politiet bli samde om kva som er viktig å prioritere. Der vil vi vere tydelege på at dette med hatkriminalitet. Det må politiet etterforske mykje meir enn i dag. Anten det er mot skeive, etniske minoritetar eller andre.
– No er du inne i bystyret, då. Kva meiner Sentrum om store stridstema som private barnehagar og kommersielle sjukeheimar?
– Vi har ingen ideologisk motstand mot at private driv sjukeheimar eller barnehagar. Vi er mykje meir opptekne av at kommunen som bestiller, set krav til alle som driv sjukeheimar, og at kommunen som bestiller set kvalitet som krav, og ikkje berre pris. Det er kommunen sjølv som betalar for tenestene. No har prisen på tenestene nokre stader vorte så låg at det blir dårlegare kvalitet.
– Kva blir vegen vidare for
Sentrum?
– Det første vi skal gjere, er å omsetje vår politikk i Oslo bystyre. Det må vi bruke dei neste vekene å finne ut korleis vi skal klare. Skal folk i Oslo sjå kva vi står for, så må vi utøve politikk og få igjennom saker. Og så er det å gjere ein god jobb i Oslo bystyre, slik at befolkninga i Oslo ser at vi har eit heilskapleg program. Vi har til dømes mykje spennande politikk for næringsliv og arbeidsplassar. Vi heiar på næringslivet. Det er mange arbeidsplassar som står i fare no. Vi er veldig oppteken av at vi må klare å snu kommunikasjonen rundt næringslivet. Vi er eit næringsvenleg parti!