Kjønn
Kvinnekamp treng røyndom
I eit lesarinnlegg i Klassekampen 23. april vert ein ny høgsterettsdom frå Storbritannia omtalt som eit «knusande slag for transpersonars rettar», og definisjonen av kvinne vert framstilt som reduserande og kvinnefiendtleg. Dersom vi løftar blikket og ser på kva dommen faktisk seier – og kvifor kvinner har kjempa for denne dommen – blir biletet eit anna.
Den britiske høgsterettsdommen stadfester at ordet «kvinne» i likestillingslova viser til biologisk kjønn. Ei kvinne er, som Labour-leiar Keir Starmer no også har innrømt, ein vaksen person av hokjønn. Det burde ikkje vere kontroversielt. Det er denne røynda om kjønn som kvinners rettar, statistikk, tryggleiksbehov og positive særtiltak er tufta på.
At dette no blir slått fast juridisk, er ikkje eit angrep på transpersonar.
Sonia Arisland,
Kamilla Aslaksen og 4 andre