Få stader har vore så viktig i norsk industrihistorie som området i den indre oslofjorden. På Nylands mekaniske verksted jobba det meir enn tusen mann då den industrielle revolusjonen skaut fart i Noreg, og Akers mekaniske verksted var sentral i avgjerande fasar av den viktige skipsindustrien i Noreg, og bygde også dei første oljeriggane. Jon Michelet har ved fleire høve skildra livet som maoistisk bryggesjauar på bryggja i Oslo, og korleis ein der kom i kontakt med heile verda.