Det var jo trasig med Freia. Først eit stort stykke Noreg, så eit mindre og mindre stykke Noreg, heilt til stykket var så lite at ein ikkje kunne brukt det til å skaffe seg røysterett før 1884 eingong. Dei lir lagnaden av å vere eigd av Mondelez, eit amerikansk og verdsomspennande konsern som driv med mat og drikke og som ikkje har avslutta drifta si i Russland. Difor boikotta i tur og orden selskap etter selskap Freia. Ut med Kvikklunsj, mjølkerullar og sjokoladeplater. Vi kunne jo sikkert boikotta Mondelez for avskoging i Elfenbeinskysten og Ghana, for barneslaveri i Mali eller prisfiksing i kveitemarknaden, men no gjekk dei endeleg for langt.
Mann av folket, mann av marknaden.