Alt er ikkje utskiftbart

Karin Haugen har ein god kommentar torsdag 8. juni i Klassekampen, om Udir sin fadese ved årets engelskeksamen. Det at enkeltindivid i direktoratet vel å skrive eit dikt for vidaregåande eksamen i engelsk, peikar mot ein total mangel på respekt for kunnskap og faginnhald. Mykje tyder på at direktoratet sine tilsette ikkje lenger verdset den didaktiske innhaldsdimensjonen i skulen. Handlingane deira talar for seg. Hadde dei verdset faginnhald, hadde dei aldri villa gjort det dei no faktisk har gjort.

Debatt