Solveigs salt

Fødsel i Edda

Det som Borgny sa, var så frekt at det ikkje kan tilgjevast.

FRIGG: Påkalla av Borgny, men Oddrun betakka seg.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Raudt kort

I veka som var ringde den amerikanske presidenten Donald Trump til fotballpresidenten Gianni Infantino og bad han gripa inn og fjerna det raude kortet som dommaren gav spissen på laget til USA, Folarin Balogun, under sekstandedelsfinalen. For elles ville han vera utestengd frå neste kamp. Og Infantino ville gjerne hjelpa til, skulle berre mangla, når det var sjølvaste Trump som bad! Etterpå takka Trump han på sitt eige sosiale medium, «Truth Social», for å ha gjort det rette. Det var som om ei kraft frå ovan slo til då USA tapte 4–1 mot Belgia, særleg då den tredje ballen trilla rett forbi skotuppane til målvakta, som hadde rota seg langt ut på banen og heldt fram beint mot mål like under føtene til ein forsvarsspelar som skvatt forvirra opp i vêret i staden for å sparka han unna. Fotballdomarar dømer feil rett som det er og får mykje kjeft for det. Men fordi dei i det store og heile er skikkelege folk, og på grunn av sosialt press frå spelarar og publikum, er det svært sjeldan at dei gjer det med vilje. Dessutan veit både dei som spring etter ballen og dei som sit og heiar på tribunen, at utan eit klart regelverk og ein dommar som kan gripa inn mot vald og ukjurskap, vil det raskt utarta til masseslagsmål. Så pass har dei fleste barn forstått lenge før dei byrjar på skulen. Dei som prøver å koma unna med juks og lyging, kan nok bli så rivne med av si eiga bortforklaring at dei mistar sanninga av syne.

Slaven som helt

Då det blei sett opp skotpremie på Håkon jarl, hadde han allereie mist hirda si og hadde berre ein einaste mann att, trælen Kark. Den siste natta dei levde, sat dei samankropne i ei jordhole som Kark hadde grave ut under ein grisebinge. Begge to var i sterkt sinnsopprør. Håkon var redd for at trælen skulle svika han, og insisterte på at dei heilt frå fødselen var knytte saman i tett lagnadsfellesskap. Dersom han sjølv blei drepen, var det slutten for Kark òg. Kark, som fram til no berre hadde eksistert som ein lem på kroppen til Håkon, tok derimot til å sjå for seg ei framtid på eigne bein. Det blei det ikkje noko av, for då Kark tok hovudet til Håkon med til kongen for å innkassera dusøren, blei han avretta på staden.

Ar­beids­kraft

Mens nordmenn med kuhorn på hovudet lagar rorørsler og rolydar på amerikanske fotballtribunar, uroar andre seg for den dyrkinga av vikingtida som ligg attom. For alle veit jo at vikingane «plyndret, drepte og voldtok», og dessutan synest utlendingane sikkert at det ser forferdeleg dumt ut. Derimot kjem det sjeldan protestar mot den tradisjonelle feiringa av den amerikanske frigjeringskrigen, endå så mange soldatar som blei lemlesta og drepne, for ikkje å snakka om utryddinga av urfolket i tida som følgde. Den nådelause slavedrivaren George Washington blir halden høgt i ære som pioner og president i «the land of the free», og Thomas Jefferson sine fråsegner om fridom og menneskerettar gjeld framleis for grensesprengjande framsteg, sjølv om dei tvangsimporterte afrikanske arbeidarane fekk træla på som før. Dette skjedde så pass nyleg som for to hundre og femti år sidan, og er svært grundig dokumentert. Kjeldematerialet frå vikingtida er mykje knappare, med lite konkret informasjon og mykje propaganda og overtru. Men det er i alle fall semje om at den offisielle starten var i 793, då norske røvarar plyndra det kristne klosteret på øya Lindisfarne i Nord-England. Trass i seigliva påstandar om at havet spydde ut ei uteljande mengd med skip, var det ikkje verre enn at mange av munkane kom seg unna.