Det historiske ligg meir i flid og fellesskap enn i autorisert design.

Silke i Rogaland

TYNNARE ENN SPINDELVEV: Grunnlaget for Rogalands­bunaden.

Den norske bunadtradisjonen er rik og festleg, men mykje yngre enn syttandemaifeiringa. Særleg rogalandsbunaden er konstruert på eit grunnlag som er tynnare enn spindelvev, og når unge jenter står konfirmant i dei grove stakkane til Husfliden, er det på grunn av ein draum om naturalhushald som lever sitt eige liv langt bortanfor den materielle kulturarven. Den importerte ulldamasken hos Nordaker og Embla har vore lenger i bruk. Og dei som vil ha kulørt bluse under vesten, har minst like rett som dei som nyttar kvit linskjorte.

Solveigs salt