Streiken i vår var fort unnagjort og enda godt for dei streikande. Likevel er det større avstand enn nokon gong mellom rike og fattige. Det heng kanskje saman med at dei som har prøvd å tenkja seg fram til ein måte å jamna ut skilnaden på, som oftast har høyrt til i miljø der varer og tenester blir skaffa fram av usynlege hjelparar. Karl Marx arbeidde aldri på fabrikk, og då Lenin var landsforvist til Sibir, hadde han lågtlønte tenarar til å stella huset for seg.