Årene» av den franske nobelprisvinnaren Annie Ernaux er god litteratur, ingen tvil om det. Baksideteksten har rett i at dette er ein heilt ny slags kollektiv sjølvbiografi, både subjektiv og upersonleg, privat og felles. Dessutan er det velgjerande å få sjå verda gjennom auga til ein kvinneleg forfattar som ikkje klagar over at mennene mistar interessa for henne når ho blir eldre, ei som elskar og blir elska heilt til boka sluttar. Likevel er det ei nokså fattigsleg historie ho fortel om den nære fortida vår.