Dagboka

Posten

Det var ein fin jobb, å køyra rundt med post. Eg hugsar fleire eldre som sat og venta på meg. Mange ville slå av ein prat då postbodet kom. Fleire venta på avisa. Ein bonde fekk sæd levert på ein isoporboks, som han skulle inseminera purkene sine med. Mange fekk medisinane sine frå landpostbodet, og tok ut trygda hos Posten. Sjølv om gebyret var høgt var det enkelt å få pengane på døra. Enkelte var så skjelvne at dei hadde fått eit stempel dei brukte i staden for handsignatur. Ei eldre dame bad meg innom, så eg kunne få sjå operasjonssåret hennar under stakken. Eg tenkte den gongen at postbodet også hadde ein funksjon som sosialarbeidar. Postbodet kom trufast innom, i ein for mange einsam kvardag.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Vatn

Det reine og gode drikkevatnet som kjem inn i norske heimar, tar dei fleste som ei sjølvfølge. I mange andre land smaker vatnet klor. I andre land er det farleg å drikka vatn direkte frå springen. Med ujamne mellomrom kjem det forureina drikkevatn også ut springane her til lands. Giardia-skandalen i Bergen i 2004 og Campylobacter-skandalen på Askøy i 2019 hadde store konsekvensar for folk. Nyleg gjekk alarmen i Høyanger ved Sognefjorden. Drikkevatnet til rundt 700 av hushaldningane i kommunen har i lang tid innehalde for mykje aluminium. Kor skadeleg dei påviste verdiane av aluminium i drikkevatnet har vore, kan ikkje helsestyresmaktene gi eit godt svar på.

Telling

Staten krevde tvangstelling av reinflokken til ­distrikt 13 Lagesduottar i Finnmark. Resultatet ble at staten selv gikk ned for telling. I 2022 vedtok Statsforvalteren i Troms og Finnmark at flokken skulle telles med tvang. De stolte ikke på reineiernes tall og mente flokken var 50 prosent større enn de 10.000 dyrene som var tillatt. Myndighetene gikk til verks med innleide ­helikoptre, snøscootere og store statsansatte ­mannskaper. Tellingen gikk helt over styr, og resultatet ble en utgift på 18 ­millioner kroner, tidenes desidert dyreste. 7 millioner av dette ble sendt som krav til reineierne, som nektet.

Lus

På mange måter er det lakselusa som bestemmer veksten eller reduksjonen i norsk lakseoppdrett. Nå har antallet lus i de ulike regionene ført til at regjeringen igjen griper inn. Av 13 oppdrettsregioner fra svenskegrensa til grensa mot Russland er det nå kun tre som kan vokse; Svenskegrensen-Jæren, Vest-Finnmark og Øst-Finnmark. Fiskeridepartementet har et eget trafikklyssystem som regulerer stans, vent og kjør. De tre nevnte regionene får grønt lys og kan øke mengden laks i merdene med 6 prosent, eller 8300 tonn. Én region får rødt: Karmøy-Sotra har for mye lus i anlegget, samt andre plager, og må redusere med 6 prosent. De øvrige ni regionene har fått gult lys, og her tillates det ikke vekst.