Geitene

Dei siste dagane har geitene frå Kvist i Høyanger fått mykje støtte. Soga om geitestammen starta i Sogn Avis, men nådde heilt til VG og NRK. Får håpe dei les avisene før Mattilsynet skyt dei. Dyrevenane Helge André Njåstad (Frp) og Olve Grotle (H) på Stortinget har stilt spørsmål til landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) om avlivinga, som ho må svare på denne veka. Sist gong journalistikk frå Sogn Avis fekk så mykje merksemd, må ha vore då Sophie Elise hadde fest i Lustrabadet i haust.

Dagboka