Regjeringa sit i skammekroken etter 500 dagar med neglisjering av det pågåande menneskerettsbrotet mot reindriftssamane på Fosen. Men det er også andre som bør ta eit oppgjer med seg sjølv i denne triste historia. Ikkje før dei fekk ein liten flokk demonstrantar på sin eigen dørstokk i Oslo, oppdaga dei store riksmedia sprengkrafta i høgsterettsdommen om ein ulovleg vindkraftkonsesjon på Fosen – eller kanskje rettare, brydde seg nok med å sette flaumlyset på regjeringa si behandling av ei gruppe som har status som urfolk. Når den såkalla fjerde statsmakt er så nærsynt at ho ikkje såg dimensjonane i Fosen-dommen, korleis oppdagar og prioriterer ho då andre problem og utfordringar ute i distrikts-Norge?