Aleksander Åsnes 4. des.
Sjukehus I vårt samfunn vert både sjukehus, politidistrikt, gardsbruk og skular stadig større. Nokre trur det skjer fordi folk flyttar til byane, eller fordi samfunnet har vorte så komplisert at små einingar ikkje klarar å vere like gode som dei store. Realiteten er at samfunnet eller folkesamansetninga ikkje har forandra seg nok dei siste hundre åra til å åleine kunne forklare kvifor dette skjer.
Eg trur at ei av fleire krefter som dreg samfunnet i retning av stadig større einingar, er at det i alle organisasjonar og institusjonar oppstår eit maktforhold der dei store einingane karrar til seg på bekostning av dei små, og der dei store utviklar ein sjåvinisme for å rettferdiggjere tilkarringa. Slik skjer det at sjukehuslegar på dei store sjukehusa okkar seg over den dårlege kvaliteten på små sjukehus, sjølv om forsking ikkje påviser denne skilnaden. Og slik blir mellomstore kommunar dei sterkaste pådrivarane for samanslåing, og lærarar på sentrumsskular blir dei krassaste kritikarane av grendeskular.
Om ein ikkje er medviten denne dynamikken, kan ein til dømes ende opp med å tenkje at domstolsadministrasjonen i Trondheim eller sorenskrivarane i dei store tingrettane også talar på vegne av dei små tingrettane når dei forsvarer domstolsreformen. Ei motvekt til kreftene som alltid kjem til å ville gjere alle einingar større, er å tenkje som økonomen E.F Schumacher, at «small is beautiful».