Det er fint at Notto R. Thelle ser jomfru Maria i samanheng med andre bibelske kvinner (6. januar). Men han har enno ikkje følgt opp sin eigen påstand om at jomfrudyrkinga i liten grad har ansvaret for «undertrykkende syn på seksualitet» (Klassekampen 28. desember). Det er då òg ein påstand som det er svært vanskeleg å forsvara, for det kulturskiftet som følgde med kristninga, verka så dårleg inn på helse og livsglede at det norske samfunnet framleis slit med skadeverknaden.