Serie

John Milton i multiverset

«His Dark Materials» vektlegg Philip Pullmans forsvar for fri tanke. Serien slutta same år som forfattaren fekk munnkorg.

ORIGINALT: Pullman kombinerer John Miltons «Det tapte paradis» med ideen om multiverset i «His Dark Materials». Foto: Simon RidgwayORIGINALT: Pullman kombinerer John Miltons «Det tapte paradis» med ideen om multiverset i «His Dark Materials». Foto: Simon Ridgway

His Dark ­Materials

(BBC/HBO, sesong 3, 2022) Serieskapar: Jack Thorne, etter Philip ­Pullmans ­boktrilogi Fantasy, 8×1t., HBO Max

Philip Pullmans ambisiøse fantasy-trilogi «His Dark Materials» munnar ut i full krig mot Himmelriket, no visualisert i den avsluttande tredjesesongen av BBCs og HBOs serieversjon av ungdomsromanen. Krigen mot Gud («Autoriteten») konkretiserer ein kompleks strid mellom dogmatikk og fri tanke, som har fått stadig ny aktualitet i dei 20 åra etter Pullman fullførte sitt prislønte verk. Det fekk forfattaren sjølv på ironisk vis erfara i fjor då han fekk munnkorg av forfattarforeininga(!) han var president for. Det skjedde etter ein twitterdisputt der Pullman på prinsipielt grunnlag forsvarte ein forfattarkollega med å skriva at folk som fordømmer bøker utan å ha lese dei, vil «kjenna seg heime i IS og Taliban».

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Film

En nasjon i sjakk

Overtydelig og uoriginal action med horribel slutt.

Serie

Furious

Sterk, mørk og voldsom serie ser på overgrep og traumer med nye øyne.

Film

The Rivals of Amziah King

Vilt, sjangerblandende drama drypper av honning, blod og musikk – og mørk humor.