Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«His Dark Materials» vektlegg Philip Pullmans forsvar for fri tanke. Serien slutta same år som forfattaren fekk munnkorg.

John Milton i multiverset

ORIGINALT: Pullman kombinerer John Miltons «Det tapte paradis» med ideen om multiverset i «His Dark Materials». Foto: Simon Ridgway

His Dark ­Materials

(BBC/HBO, sesong 3, 2022) Serieskapar: Jack Thorne, etter Philip ­Pullmans ­boktrilogi Fantasy, 8×1t., HBO Max

Philip Pullmans ambisiøse fantasy-trilogi «His Dark Materials» munnar ut i full krig mot Himmelriket, no visualisert i den avsluttande tredjesesongen av BBCs og HBOs serieversjon av ungdomsromanen. Krigen mot Gud («Autoriteten») konkretiserer ein kompleks strid mellom dogmatikk og fri tanke, som har fått stadig ny aktualitet i dei 20 åra etter Pullman fullførte sitt prislønte verk. Det fekk forfattaren sjølv på ironisk vis erfara i fjor då han fekk munnkorg av forfattarforeininga(!) han var president for. Det skjedde etter ein twitterdisputt der Pullman på prinsipielt grunnlag forsvarte ein forfattarkollega med å skriva at folk som fordømmer bøker utan å ha lese dei, vil «kjenna seg heime i IS og Taliban».