Atle Tranøy og Kim Olav Johansen skriv i Klassekampen 20. desember om straumpriskrisa og om rapporten frå den alternative energikommisjonen (AEK). Tre av tiltaka kommisjonen tilrår vert referert. Dei handlar om forsyningstryggleik og gunstige prisar, frikopling frå det europeiske straumprissystemet og at Norge skal ha full kontroll over kraftflyten i utanlandsforbindelsane. Dei hevdar at dette kan gjennomførast innafor dagens lov- og regelverk. Gjev det var så vel!