Aust og vest har smelta lukkeleg saman, for så å bli skilde igjen.

Jensen i Mandalay

INSPIRASJON: Lille Jensen draumar seg bort til Rudyard Kiplings dikt.

Den tid radioen stod på heile ettermiddagane fram mot jul, var det alltid gildt når sprø klang som frå eit englespel meldte frå om at Lille Jensen var i kjømda. Det er ein song om ein akterutsigla kontormann med meir danning enn livskraft, i eit Oslo så alderdomleg at det er nesten Christiania, vemodig tonesett av Bjarne Amdahl og kjenslefullt framført av Rolf Just Nielsen. Lille Jensen står og småfrys mens han ventar på neste trikk fordi den førre drog av garde utan han. Då fell blikket hans på ein reklameplakat for det søraustlege Asia i vindauget til eit reisebyrå. I det same flettar den velkjende melodien til Rudyard Kiplings dikt om engelskmannen i Mandalay seg saman med tonane til Amdahl, og Lille Jensen, som aldri har kome seg nokon stad her i livet, går på restaurant for å drøyma seg bort over ein dram.

Solveigs salt