Dei to veninnene møtte ofte til første time med eit smil, men ein morgon gliste dei over heile fjeset. Det var fordi dei nettopp hadde fått kjeft av ein mann som kom farande ut på gata i vilt raseri fordi han trudde dei smugkasta skrotet sitt i hans eigen dyrt betalte avfallskontainer. Då dei endeleg fekk forklart at dei berre ville forsyna seg av det som allereie låg der, bad han så fint om orsaking at dei lo heile vegen til skulen.