Melding

Forbodstida

60-talsdramaet «Call Jane» peikar fram mot dagens abortrøynd i USA.

The Janes: Elizabeth Banks og Wunmi Mosaku finn saman for abort på tvers av sosiale skilje. Foto: AWEThe Janes: Elizabeth Banks og Wunmi Mosaku finn saman for abort på tvers av sosiale skilje. Foto: AWE

Call Jane

(USA, 2022)

Regi: Phyllis Nagy.

Med: Elizabeth Banks, Sigourney Weaver.

Drama, 2 t. 1 min. På kino.

Korleis få tvilande abortmotstandarar til å støtta sjølvbestemt abort – i USA? Det ser ut til å vera oppgåva «Call Jane» har fått å løysa. Her vi får sjå korleis Joy, ei pynteleg husmor, lovlydig mor og støttande advokat-kone, blir abortaktivist i 1968 etter å ha blitt nekta abort for ein livstrugande graviditet. Det er lett å sympatisera med skodespelar-produsent Elizabeth Banks’ og regissør Phyllis Nagys ønske om å påverka ein brei opinion. Straks USAs høgsterett i år reverserte den føderale retten til abort, førte det til drakoniske abortlover i ei rad delstatar. Likevel er det ofte kontraproduktivt å tilpassa kunst etter ytre omsyn, fordi det kan gå utover kvaliteten. Audrey Diwans antimoralistiske 60-talsabortfilm «Hendelsen» (2021) er av eit heilt anna kunstnarisk og politisk potent kaliber enn «Call Jane» med si ulastelege Joy.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Film

Rose

Regissøren av «Rose» har henta eitt og anna frå Michael Haneke til sin solide, historiske fabel om kjønn og makt.

Film

The Devils

I 1971 skapte «The Devils» høye bølger. Et halvt århundre senere er de stadig til å forstå.

Film

NAZA

Dokumentaren om Israels folkemord på Gazastripa, er ein sterkare film enn venta – og naudsynt konfronterande.