Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Melding

Forbodstida

60-talsdramaet «Call Jane» peikar fram mot dagens abortrøynd i USA.

The Janes: Elizabeth Banks og Wunmi Mosaku finn saman for abort på tvers av sosiale skilje. Foto: AWE

Call Jane

(USA, 2022)

Regi: Phyllis Nagy.

Med: Elizabeth Banks, Sigourney Weaver.

Drama, 2 t. 1 min. På kino.

Korleis få tvilande abortmotstandarar til å støtta sjølvbestemt abort – i USA? Det ser ut til å vera oppgåva «Call Jane» har fått å løysa. Her vi får sjå korleis Joy, ei pynteleg husmor, lovlydig mor og støttande advokat-kone, blir abortaktivist i 1968 etter å ha blitt nekta abort for ein livstrugande graviditet. Det er lett å sympatisera med skodespelar-produsent Elizabeth Banks’ og regissør Phyllis Nagys ønske om å påverka ein brei opinion. Straks USAs høgsterett i år reverserte den føderale retten til abort, førte det til drakoniske abortlover i ei rad delstatar. Likevel er det ofte kontraproduktivt å tilpassa kunst etter ytre omsyn, fordi det kan gå utover kvaliteten. Audrey Diwans antimoralistiske 60-talsabortfilm «Hendelsen» (2021) er av eit heilt anna kunstnarisk og politisk potent kaliber enn «Call Jane» med si ulastelege Joy.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?