Helse- og omsorgsdepartementet foreslår i statsbudsjettet for 2023 å fjerne investeringstilskotet til bygging av hus for menneske som får helse- og omsorgstenester i heimen heile døgnet. Dette kan ikkje vere anna enn eit arbeidsuhell. Her må alle som skjønar samanhengen protestere før forslaget til statsbudsjett skal opp i Stortinget. Viss ikkje, så blir det ei ulukke.