Då eg vaks opp, var min favorittchips Maarud Chicken Pomms. Den finst diverre ikkje meir, men det går an å lage ein litt dårleg variant sjølv ved å blande Maarud Fried Chicken og Kims French Fries. Men det blir eigentleg ikkje så likt. Der eg kjem frå, er det forresten nesten ingen som seier potetgull, der er det vanleg å seie chips. Kanskje er det nærleiken til Maarud gard som gjer at omgrepet potetgull har fått så sterkt feste på Austlandet, og nærleiken til England som gjer at det heiter chips på Vestlandet.