Utvikle

  • Blant dei som ikkje vil stogge utvinninga av olje og gass, har slagordet «vi vil utvikle, ikkje avvikle» festa seg godt. Det har òg spreidd seg og vert brukt om Kinn kommune, distriktspolitikk, Viken fylkeskommune og cruisenæringa, for å nemne noko. Eit søk i aviser i databasen til Nasjonalbiblioteket viser at frasen er brukt 241 gongar i åra 2020–22. Til samanlikning er treffa i tidlegare tiår følgjande: 76 gongar i 2010–19, 20 gongar i 2000–09, tre gongar i 1990–99, éin gong i 1972 og fire gongar på 1920-talet.

Dagboka