Blant dei som ikkje vil stogge utvinninga av olje og gass, har slagordet «vi vil utvikle, ikkje avvikle» festa seg godt. Det har òg spreidd seg og vert brukt om Kinn kommune, distriktspolitikk, Viken fylkeskommune og cruisenæringa, for å nemne noko. Eit søk i aviser i databasen til Nasjonalbiblioteket viser at frasen er brukt 241 gongar i åra 2020–22. Til samanlikning er treffa i tidlegare tiår følgjande: 76 gongar i 2010–19, 20 gongar i 2000–09, tre gongar i 1990–99, éin gong i 1972 og fire gongar på 1920-talet.
IKKJE AVGJORT: Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) vurderer no råd frå Forsvarsbygg om korleis reinhaldet skal førast tilbake til forsvarssektoren. Her med forsvarssjef Eirik Kristoffersen.
FOTO: TERJE PEDERSEN, NTB Terje Pedersen
Regjeringa har lova å ta reinhaldarane i forsvarssektoren inn igjen i eigne rekker, men på forsvarsministerens bord ligg ein rapport som tilrår å halda fram med å kjøpa reinhald frå private leverandørar.